Dansefeber i Fusa (05.03.2010)
|
No vert det dansefeber i Fusa. Fram til påske skal Bergen dansesenter innom alle skulane i Fusa med intensive dansekurs i jazz, break og hip-hop. [Les meir] |
| |
| |
Fusingar til UKM i Grieghallen (05.03.2010)
|
Det er no klart kven som representerer Fusa i Ungdommens kulturmønstring i Grieghallen 10.-11. april. Tre unge kunstnerspirer skal ta del i kunstutstillinga, dette er Lars Kristan Kvåle, Elisabeth Myrlid Eide og Kristiane Røseth. I tillegg stiller rockebanda Blue Cold Ice Water, Smertestillande og Crap. Martin Leigland og Sverre Nistad Kvamme har med film til fylkesmønstringa. Ein flott gjeng kulturambasadørar frå Fusa. [Les meir] |
| |
| |
Kokepåbodet vert oppretthalde (02.03.2010)
|
Resultata av prøvane frå sist veke viser litt bakteriar i vatnet som går ut på leidningsnettet frå Skjelbreid. Årsaka til at ikkje UV-anlegget gjer vatnet bakteriefritt er for mykje farge på vatnet som vert pumpa inn frå Skjelbreidvatnet. Etter samråd med Mattilsynet vert difor kokepåbodet oppretthalde inntil vidare. Det vert teke daglege prøvar av vatnet som går ut på leidningsnettet. [Les meir] |
| |
| |
Fusa - midt i blinken (26.02.2010)
|
| Kommunestyret har vedteke visjon for Fusa 2010-2020 og ønskjer at innbyggjarar og potensielle tilflyttarar skal oppleva at Fusa er midt i blinken. [Les meir] |
| |
| |
Beredskapsvakt for Mattilsynet (26.02.2010)
|
| Frå og med januar i år er det slutt på Mattilsynet si lokale beredskapsvakt, men dei held fram med den døgnopne nasjonale beredskapsvakta – telefon 06040. [Les meir] |
| |
| |
Hjelp til snørydding (26.02.2010)
|
Treng du hjelp med å fjerne snø frå bustaden til vegen? Fusa sokneråd gir gratis hjelp til eldre eller andre med særlege behov denne veke og i starten av komande veke. [Les meir] |
| |
| |
Gratulerer Liv Kjersti! (25.02.2010)
|
Liv Kjersti Eikeland og det norske kvinnelaget i skiskyting gjekk inn til ein flott 4. plass i Vancouver-OL. Fusa kommune gratulerer! [Les meir] |
| |
| |
Liv Kjersti på storskjerm (25.02.2010)
|
| Tysdag 23. februar kl 20.30 kan du oppleva kvinnestafetten i skiskyting på storskjerm i Fjord'n senter. Liv Kjersti stiller til start og det blir spennande å følgja ho og dei norske jentene. "Kafeen til Gro" er open frå kl 20.00. Bli med å heia Liv Kjersti fram i løypene! |
| |
| |
Ut på tur vinter og vår (22.02.2010)
|
| Fusa frivilligsentral har klar programmet for Ut i naturen-turar vinteren og våren 2010. Det blir mange kjekke turar med m.a. to temaopplegg med fornminner og geologi. |
| |
| |
Vassmangel i Eikelandsosen - reservevasskjelde (01.03.2010)
|
Tilsiget til kommunen sine vasskjelder på Helland og Skjelbreid er no så lite at kommunen må ta i bruk reservevassforsyning frå Skjelbreidvatnet frå måndag 22. februar og inntil vidare.
I samsvar med løyve frå Mattilsynet vert abonnentane oppfordra til å koka vatnet dei fire første dagane frå mandag, og deretter fylgja informasjon på kommunen si heimeside.
[Les meir] |
| |
| |
Ungdomsutstillinga 2010 (19.02.2010)
|
10. klassingane i Fusa har vore i det kreative hjørnet i vinter. Resultata kan du sjå og oppleva i Glasgato i Kommunetunet. Det er med over 50 arbeid i utstillinga som er ein del Ungdommens kulturmønstring i Fusa. [Les meir] |
| |
| |
Prøve-OL for dei minste (18.02.2010)
|
Med deltakar i Vancouver er Eikelandsosen OL-bygda i Fusa dette året. Ikkje så rart at dei minste då har varma opp med prøve-OL. Sjå fleire fine bilder frå Jettegryto barnehage her. |
| |
| |
Lukke til Liv Kjersti (15.02.2010)
|
Så er det OL-feber att i Fusa. Laurdag 13. februar går Liv Kjersti Eikeland frå Fusa og Hålandsdal idrettslag 7,5 km sprint i OL i Vancouver. Du kan følgja sendinga på NRK frå kl 22.00. Heile Fusa ønskjer lukke til i hennar første olympiade. [Les meir] |
| |
| |
Søknad til barnehage, SFO og kulturskule (12.02.2010)
|
| Det er hovedopptak til barnehage, SFO og kulturskule for 2010/2011 med søknadsfrist 1. mars. Sjå under kunngjeringar. |
| |
| |
Vassmangel i Eikelandsosen (12.02.2010)
|
Tilsiget til kommunen sine vasskjelder på Helland og Skjelbreid minkar mykje. Ein uvanleg lang periode med lite mildver og regn er årsaka. Dersom det kalde veret held fram, vil det kunna vera fare for at dei abonnentane som bur høgast blir utan vatn deler av døgnet. Abonnentane på Eikelandsosen og Holdhus vassverk blir difor oppmoda om å bruka minst mogeleg vatn. [Les meir] |
| |
| |
Motorsagkurs i Fusa (27.01.2010)
|
| Det vert halde motorsagkurs 12. - 13. februar. Fredag kl 17-20 og laurdag kl 9-15. Stad: Djupvik. Les meir her. |
| |
| |
Nils Georg Brekke på senioruniversitetet (22.01.2010)
|
Det er klart for første foredrag i Fusa seniorunivsersitet i 2010 tysdag 26. januar. Nils Georg Brekke skal snakka om "Hus og landskap - på sporet etter mellomalderens byggjeskikk i fjordlandskapet". Sjå Plakat for fleire detaljar. Du finn informasjon om seinare program i senioruniversitetet i Kulturkalenderen.
|
| |
| |
Høyringsfristar til oppvekst- og velferdsplanar (21.01.2010)
|
| Vi minnar om at høyringsfristen for Oppvekstplan og Velferdsplan går ut onsdag 27. januar. Sjå meir informasjon under Kunngjeringar for Velferdsplan og Oppvekstplan. |
| |
| |
Stadanalyse i Eikelandsosen (21.01.2010)
|

I samband med reguleringsplanarbeidet for Eikelandsosen sentrum vart det sett i gang arbeid med ein ny stadanalyse. Det er konsulentfirmaet Asplan Viak Bergen a.s som har hatt oppdraget. Stadanalysen skal vera med å leggja rammene for dei endringane som skal gjerast med reguleringsplanen. Les meir her. |
| |
| |
Liv Kjersti til OL (18.01.2010)
|
Liv Kjersti Eikeland frå Hålandsdal idrettslag og Eikelandsosen vart i dag måndag 18. januar utteken i Noreg sin tropp til dei olympiske leikar i Vancouver. Fusa kommune gratulerer! [Les meir] |
| |
| |
Klar for UKM 2010 (18.01.2010)
|

Torsdag 28. januar skipar Fusa ungdomsråd til Ungdommens kulturmønstring. I år vert scenearrangementet i Eikelandsfjorden samfunnshus med start kl 18.00, medan utstillinga vert lagt til Kommunetunet. Påmeldingsfrist for deltakarane er torsdag 21. januar kl 23.00. Påmeldinga skal i hovedsak skje på www.ukm.no. Du kan også få hjelp med påmelding gjennom kulturskulen eller kulturkontoret [Les meir] |
| |
| |
Norges Vel til Berit Jorunn Rolfsnes (18.01.2010)
|
Berit Jorunn Rolfsnes er tildelt Norges Vel sin medalje for lang og tru teneste i Fusa kommune. Tildelinga vart markert på juleavslutninga på Holdhus oppvekstsenter 21. desember.
[Les meir] |
| |
| |
Ny runde med vaksinasjon (13.01.2010)
|
Vaksineringa mot influensa A (H1N1) held fram i Fusa. Helsestyresmaktene oppfordrar framleis til vaksinasjon mot svineinfluensa for folk flest eldre enn 6 månader. Personer som ikkje har fått høve til å vaksinera seg, kan no ta kontakt enten ved Helsesenteret i Eikelandsosen på telefon 56 58 02 90 eller ved Fusatun legekontor telefon 56 58 00 10 for å få satt vaksinen etter avtale. Fusatun legekontor held stengt til og med 19. januar [Les meir] |
| |
| |
Kulturprisen gjekk til Ella Marie B. Vangsnes (11.01.2010)
|
Ella Marie Brekke Vangsnes vart tildelt Fusa kommune sin kulturpris 2009 i kommunestyremøtet 16. desember. Driftsutvalet har gjort vedtak etter innstilling frå kulturprisnemnda i Fusa. Utvalsleiar Øyvind Nordbø sa i høve utdelinga at han var imponert over den mangfolde innsatsen innan kulturlivet i Fusa. Ordførar Hans S. Vindenes overrakte prisen; eit bilete måla av Bente Dankertsen. [Les meir] |
| |
| |
Matte med papir og saks (18.12.2009)
|
3. klasse ved Eikelandsosen skule har brukt advent til praktisk mattematikk med papir og saks. Sjå meir under Eikelandsosen skule. |
| |
| |
Tyssetunnel med byggestart i 2013 (22.12.2009)
|
| Hordaland fylkesting har handsama Handlingsprogram for fylkesvegnettet 2010-2013. Eit av prosjekta som har fått grønt lys til oppstart alt i 2012 er tunnelen bak Tysse. I følge ordførar Hans Vindenes er det no god von om at veganlegget kan stå ferdig tidleg i 2015. [Les meir] |
| |
| |
Julehelsing frå Jettegryto (14.12.2009)
|
Jettegryto har har sendt ei lita bilethelsing til heimsida. Sjå fleire blinkskot under Jettegryto barnehage. |
| |
| |
Klart for musikalen 1993 (11.12.2009)
|
| Tysdag 15. desember vert det to framsyningar av musikalen "1993" på Fusa ungdomsskule. Musikalen er skriven av Vidar Dale, tidlegare lærar og elev ved skulen. [Les meir] |
| |
| |
ALLE i Fusa får no tilbod om vaksinasjon (04.12.2009)
|
I veke 50 får Fusa kommune ny vaksineleveranse med 500 doser Pandemrix mot svineinfluensa. ALLE aldersgrupper får no tilbod om vaksinasjon så lenge vaksinasjonslageret rekk på følgjande stader og tidspunkt: Torsdag 10.12.09: Baldersheim helsetun kl 18-20 Måndag 14.12.09: Strandvik oppvekstsenter kl 18-20 Tysdag 15.12.09: Samfunnshuset i Eikelandsosen kl 13-17 Fleire opplysningar finn du under les meir. [Les meir] |
| |
| |
Julebord med tradisjon og stil (08.12.2009)
|
Advent er høgsesong for julebord. Torsdag 3. desember hadde Fritidsklubben og Kløvertun dagsenter sitt årlege julebord i Eikelandsfjorden samfunnshus. Det var full pakke med god julemat, nissebesøk, gang rundt juletre og dans. Serveringa sto formannskapet for med ordførar Hans Vindenes i spissen. [Les meir] |
| |
| |
Førjulsstemning i Strandvik (08.12.2009)
|
Denne veka vart det store juletreet tend i Strandvik sentrum. Borna på Strandvik oppvekstsenter fekk besøk av ein sprek nisse, som lokka dei med på nissemarsj. Sjå Strandvik oppvekstsenter si side. |
| |
| |
Juletrehenting og adventssamling i Hålandsdalen. (03.12.2009)
|
| Måndag 30. november var det adventssamling for skule og barnehage på Holdhus oppvekssenter. Det var offisiell tenning av sjøvhenta juletre! Foto frå juletrehentinga og advendtsamlinga finn finn de her på heimesida til oppvekstsenteret. |
| |
| |
Snart får alle tilbod om vaksine (03.12.2009)
|
Det er 100 doser Pandemrix vaksine mot svineinfluensa i rest etter massevaksineringa av personar under 39 år i forrige veke. Dei 100 dosene vert no tilbydd til Fusa kommune sine innbyggjarar, uavhengig av alder tysdag 01.12.09 ved Fusa helsestasjon kl 1530- 1830 (eller til vi går tom for vaksiner [Les meir] |
| |
| |
Budsjett 2010. Økonomiplan 2010-2013 (01.12.2009)
|
I Fusa står handsaming av budsjett 2010 m/avgiftsbudsjett og investeringsbudsjett samt økonomiplan for 4-års perioden 2010 - 2013 på agendaen. Kommunestyret fekk i veke 46 utdelt budsjettnotatet frå rådmannen. Kommunen sin økonomiske situasjon er alvorleg. Etter at drifta er framskriven frå 2009 til 2010, har vi ein underdekning på 4,1 mill. for 2010. 26.11.09 vart saka handsama i formannskapet. Under les meir finn tilrådinga frå formannskapet, budsjettdokumenta og meir informasjon om budsjettprosessen. [Les meir] |
| |
| |
Massevaksinasjon fredag 27.11.09 (20.11.2009)
|
|
| |
| |
Jula er på veg (27.11.2009)
|
|
| |
| |
Mange ville høyra Frank Aarebrot (27.11.2009)
|
| [Les meir] |
| |
| |
Ny grue i sansehagen (20.11.2009)
|
|
| |
| |
Massevaksinasjon i veke 46 (10.11.2009)
|
|
| |
| |
Lansering av diktsamling (03.11.2009)
|
| [Les meir] |
| |
| |
Tankevekkjande forelesing om Egypt (02.11.2009)
|
| [Les meir] |
| |
| |
Små barn i risikogruppene og vaksine (27.10.2009)
|
|
| |
| |
Viktig melding til gravide og risikogrupper (26.10.2009)
|
| [Les meir] |
| |
| |
Vaksinasjon mot svineinfluensa (26.10.2009)
|
|
| |
| |
Linda Kjosaas på senioruniversitet (23.10.2009)
|
| [Les meir] |
| |
| |
Møte om slektsgransking (23.10.2009)
|
|
| |
| |
TV aksjonen 2009 - Vel blåst! (22.10.2009)
|
| [Les meir] |
| |
| |
Løyving til ungdomstiltak (19.10.2009)
|
| [Les meir] |
| |
| |
Klar for TV-aksjon (19.10.2009)
|
|
| |
| |
Vil du bli støttekontakt? (16.10.2009)
|
|
| |
| |
| Eldre artiklar |
Utskriftsvennleg versjon:  |