Fusa – midt i blinken
Kommunestyret har vedteke visjon for Fusa 2010-2020 og ønskjer at innbyggjarar og potensielle tilflyttarar skal oppleva at Fusa er midt i blinken.
Kommunestyret er i gang med arbeidet med samfunnsdelen av kommuneplanen for Fusa 2010-2020. I møtet 24. februar vedtok dei visjon, overordna mål og hovudsatsingsområde.
Ein visjon skal vera eit bilete av framtida og noko å strekkja seg etter, noko som kan engasjera, samla og treffa mange. Kommunestyret samla seg om ”Fusa – midt i blinken”. Dette var eit av framlegga frå visjonsdugnaden kommunestyret hadde 13. januar. Den politiske arbeidsgruppa, som fekk i oppdrag å koma med eit endeleg framlegg, viste til at uttrykket gjev positive assosiasjonar i tillegg til at det i Fusa er kopla til geografi, særpreg og tradisjonar. Det som er ”midt i blinken”, er synleg på ein positiv måte og det går an å vera stolt av det. Det er treffsikkert, offensivt og aktivt – kort sagt det rette. Geografisk ligg Fusa i Midthordland – midt i Hordaland Og vi har som kjent stolte tradisjonar innan skiskyttarsporten. ”Fusa - midt i blinken” kan difor òg fungera i profilering av kommunen.
Det overordna målet er å auka folketalet. I løpet av planarbeidet skal det setjast eit konkret tal for kor mange vi ønskjer å vera i Fusa i 2020.
Kommunestyret vil satsa på: 1. berekraftige lokalsamfunn, 2. treffsikre kommunale tenester og 3. samhandling og samarbeid, for å leva opp til visjonen om å vera midt i blinken og lukkast i å få auka folketal. For å skapa berekraftige lokalsamfunn, må det takast omsyn til både noverande og komande generasjonar fusingar og dei langsiktige utfordringane Fusa som samfunn står overfor. Politikarane skal framover våren arbeida med mål og strategiar for både Naturkommunen Fusa, Bukommunen Fusa og Arbeidskommunen Fusa.
Det er lagt opp til folkemøte rundtom i kommunen i april og møte med ymse interessegrupper framover våren. Har du ein idé eller eit ønske for Fusa 2010-2020, så kom med han! Bruk e-postadressa kommuneplan@fusa.kommune.no eller sei di meining på Fusadraumar på facebook eller på bloggen vår http://fusaiframtio.blogspot.com
|