To innslag vidare til UKM finale (12.04.2010)
|
Det vart arrangert ungdommens kulturmønstring for Hordaland i Grieghallen 10.-11. april. Fusa var godt representert med både musikk, kunst og og video. Videokunstnarane Sverre Nistad Kvamme og Martin Leigland og fotograf Lars Kristian Kvåle vart teken ut til å representera Hordaland i landsfinalen i Trondheim 18.-21. juni. Sjå uttaket her.
Fusingane har tydeleg markert seg godt i Bergen denne helga. I tillegg til dei som fekk klarsignal for landsfinalen delte juryen ut tre utviklingsstipend a kr 2.500 kroner frå hovedsponsor Coop. Eitt av desse gjekk til gruppa "Smertestillande" med Erik Rolland, Anne-Marthe Fløisand, Håvard Skåtun, Lars Gunnerud og Andreas Fosse Salbu. Dette er ein gjeng med svært unge musikkspirer som har noko stort på gang. Billett til Trondheim vart det ikkje, men stipendet var nok eit lindrande plaster på såret. Fusa hadde to andre musikkinnslag i Bergen; hardrockbandet "Crap" og funkrock med "Blue Cold Ice Water". I utstillinga vart det også arbeid ev Elisabeth Myrlid Eide og Kristiane Røseth, begge 10. klassingar frå Eikelandsosen. I det heile gjorde Fusa seg positivt bemerka med både breidde og god kvalitet på innslaga. Fusa-ungdomane fekk gode skussmål av den tekniske arrangøren Hordaland barne- og ungdomsråd.
For Sverre Nistad Kvamme (16 år) vert det andre gang at han vert med i landsfinalen. I år får han med seg Martin Leigland (16 år) som er medfilmskapar. Desse to lever og ånder for film og vil nok sjarmera med sitt portrett av av ein utvekslingsstundent sitt møte med Noreg. Både Martin og Sverre er frå Strandvik og tredjemann på Trondheimsturen er også strandvikar. Lars Kristian Kvåle (18 år) går på fotolina på Framnes vidaregåande skule og stiller med eit fotoarbeid av høg kvalitet i landsfinalen. Utruleg kjekt! Fusa kommune ønskjer dei lukke til i Trondheim! |
| |
| |
Utskriftsvennleg versjon:  |