Gå rett til innhaldet, meny eller søk. Skriftstørrelse: Liten Mellomstor Stor Login
Fusa kommune
Abonnér på nyhendeRSS feed
Deutsch
English

  Informasjon
Fusa kommune
Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon: 56 58 01 00
Telefaks: 56 58 01 02
e-post til kommunen
e-post til redaksjonen


  Meny
Framsida
Nettstadkart
Administrasjon
Arkiv
Beredskap
Betalingssatsar
Biletsamlinga
E-post/tlf.
Eigedomsskatt
For tilsette
Frivilligsentral
Fusa sine verdiar
Kart
Kulturkalender
Kunngjeringar
Kyrkja
Ledige stillingar
Lenkjer
Næringsliv
Om Fusa
Ordføraren
Politikk
Planar
Samferdsel
Statlege etatar
Søk
Tenester
Tomter
Turistinformasjon
Val
KID-nr./elektronisk innbetaling av skatt
Ny side


skillemarg
skillemargskillemarg horisontal skillelinje
 Framsida skillelinje

artikkelsymbol

Kva meiner brukarane om tenestene?

 (04.06.2010)

Baldersheim helsetunFusa kommune gjennomfører no ei spørjeundersøking retta mot dei som får pleie- og omsorgstenester i Fusa, det vil seia dei som bur på institusjon eller får heimetenester. Ein spør også pårørande til dei som bur i institusjon. Målet vårt er å kunna yta gode pleie- og omsorgstenester som er i tråd med dei behova kvar og ein har, slik at innbyggjarane opplever å ha ”gode kår i alle år”.

Kommunen sjølv kan meina noko om kvaliteten på pleie- og omsorgstenestene, men det som er viktig, er kva dei som får tenestene synest. Gjennom undersøkingane ønskjer vi å finna ut av korleis mottakarane av pleie- og omsorgstenester i Fusa og pårørande opplever at kvaliteten på desse tenestene er. Vi håpar undersøkinga vil gje oss tips om korleis vi kan verta betre og kva vi må utvikla vidare.

Kven er spørjeundersøkinga retta mot – kven vert spurde?
Alle mottakarar av heimetenester i Fusa kommune og bebuarar på institusjon på korttids- eller langtidsopphald, som er i stand til å forstå spørsmåla, vert spurde. Personar med langt utvikla demenssjukdom vert dermed ikkje spurde. Pårørande til alle bebuarar på institusjon vert spurde. I alt vil ca. 125 tenestemottakarar og 46 pårørande verta spurde om å ta del i undersøkinga. Undersøkinga vil skje i veke 22 og 23. Vi håpar at flest mogleg vil svara!

Anonymiteten til den som svarer er viktig!
Uavhengige ”intervjuarar” – personar som ikkje arbeider i pleie- og omsorgstenestene eller i Fusa kommune i det heile, er engasjerte for å gjennomføra undersøkinga. Dette sikrer anonymitet til den som svarer, slik at svara frå den enkelte ikkje vert kjend for dei som yter pleie- og omsorgstenestene. Dei som gjer intervjua har teieplikt. Dei heimebuande som klarer å fylla inn skjema utan hjelp, vert ikkje intervjua. Vi reknar også med at dei pårørande klarer å fylla ut skjema på eiga hand.

Kva spør vi om?
Vi spør mellom anna om kor nøgd ein er med resultatet av hjelpa, om brukarmedverknad, respektfull behandling og informasjonen ein får. Det er Kommunenes Sentralforbund (KS) som har laga spørsmåla. Mange andre kommunar bruker dei same spørsmåla, slik at vi kan samanlikna resultata hos oss med andre kommunar.

Når og korleis vert resultata kjende?
Resultata vert kunngjorde mot slutten av august gjennom orienteringar til ulike politiske utval, inkludert Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne og gjennom heimesida vår og i lokalavisa. Resultata vil òg verta drøfta i pårørandemøte på Fusa bu- og behandlingssenter, i personalmøte og på dagsentra våre.

Vi gjennomfører også ei medarbeidarundersøking
Vi gjer no også ei medarbeidarundersøking, det vil seia ei spørjeundersøking retta mot alle medarbeidarar i pleie- og omsorgstenestene i faste stillingar. Målet er å finna ut kor nøgde medarbeidarane er med Fusa kommune som arbeidsgjevar og få veta noko om kva vi kan gjera annleis.


 

 
 

Utskriftsvennleg versjon: Utskriftsvennleg versjon


 
  Søk


  Bibliotek


  Dagens bilde