Drømmestipend til Håvard Skåtun (04.06.2010)
|
Gitaristen Håvard Grøndal Skåtun er tildelt Drømmestipendet for 2010. Håvard er 15 år og er alt ein dyktig gitarist og multiinstrumentalist.
Å bli tildelt Drømmestipendet er sjølvsagt ei stor ære ikkje berre for stipendmottakaren, men også for Fusa kommune, kulturskulen og kulturarbeidet her. Tildelinga viser at i det rike mangfaldet av kulturuttrykk finst det talent som utmerkar seg blant dei aller beste. Det er andre gong at ein ungdom frå Fusa får Drømmestipendet! Den første var Magni Rosvold på hardingfele i 2007.
Det er Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping som står bak Drømmestipendet. Stipendet er på kr 10.000,- med diplom. Målet er å gje unge kulturtalent mulighet for å få oppfylt ein kulturell draum og utvikla seg vidare innan sitt område.
I samband med offentleggjering og utdeling av Drømmestipendet arrangerte Kulturskulen høgtideleg seremoni i Nesjaheimen på Vinnes torsdag kveld. Her var det mange kulturinnslag, tale og overrekking av diplom frå ordførar og overrekking av sjekk frå Norsk kulturskuleråd.
Stipendmottakaren heldt også takketale og Håvard kom med klare utfordringar m.a. til ordføraren; bygg musikkbingar og skip til fleire rockeverkstader med kyndige instruktørar utanfrå!

|
| |
| |
Utskriftsvennleg versjon:  |