Tilskot til ungdomstiltak 2010 (26.08.2010)
|
Fusa ungdomsråd lyser ut midlar til ungdomstiltak for 2010. Søknadsfrist er 1. september.
Tilskota til ungdomstiltak skal gå til:
- Lag og organisasjonar som fremjar fritidstilbod i Fusa
- Postive miljøtiltak for barn og ungdom
- Fellesformål og ikkje enkeltpersonar
Søknad kan utformast som eit brev med grunngjeving og budsjett. Søknadsfrist: 1. september. Dei som får tilskot må levera rekneskap for bruken av pengane innan 30. juni 2011.
Søknad med grunngjeving og budsjett skal sendast Fusa kommune, Boks 24, 5649 Eikelandsosen. Epost: postkasse@fusa.kommune.no
|
| |
| |
Utskriftsvennleg versjon:  |