UNICEF-runde i Strandvik (22.06.2010)
|
Strandvik oppvekstsenter har valt å vera eit UNICEF - oppvekstsenter. Dette gjer me blant anna gjennom å arrangera Unicefrunden.
Nesten halvparten av alle born som ikkje går på skulen, bur i Afrika sør for Sahara. For mange av dei er skulegong den einaste vegen ut av fattigdom. Ole Gunnar Solskjær er UNICEF-ambassadør og seier: ”Løp for livet. Gi andre barn skolegang".
Strandvik oppvekstsenter støttar dette prosjektet og er difor med på UNICEF - runden. Dette året var også dei eldste barna i barnehagen med på arrangementet.
Borna hadde på førehand valt om dei ville springa rundt idrettsbanen, rundt Åkrabakken eller rundt Vik. I tillegg hadde dei skaffa seg sine eigne sponsorar. Innsatsen var fantastisk og rundane som borna sprang vart mange! Dei sprang verkeleg for livet!
Resultatet er no klart. Dei superspreke borna i oppvektsenteret samla inn heile kr. 20.155,-. Me gratulerer dei flotte borna og elevane med strålande innsats og sender ein stor takk til dei positive sponsorane våre.
Sjå fleire foto og tekst på heimesida vår www.minskole.no/strandvik

|
| |
| |
Utskriftsvennleg versjon:  |