Tid for ferieklubb (23.06.2010)
|
Komande veke blir spennande og innhaldsrik for om vel 30 born som har meldt seg på Ferieklubb 2010! I fem dagar skal dei boltra seg i mange ulike aktivitetar som lag, organisasjonar og verksemder og enklelpersonar velvillig har teke ansvaret for.
Vedlagde oversikt viser kva dei skal få vera med på: Vekeplan ferieklubb
Fusa frivilligsentral takkar Fusa kommune ved Eininga for barn, familie og velferd, for eit tilskot på kr 15.000,- til ferieklubben.
Ei stor takk også til Fusa jakt og fiskelag som har gitt kaifiskeutstyr som borna kan bruka på Solstråleøya. Det er håvar og små fiskestenger til å plukka opp småkrabbe og småfisk med, og bøtter til å ha fangsten i. Dette blir gøy!
Som arrangør set Fusa frivilligsentral stor pris på at lag og verksemder også i år er så positive til å aktivsera borna ein dag:
- Sissel Berge
- Fusa husflidslag
- Bolaks AS og
- IL Venjar på Fusa.
- Trygve Berge m fl.vil aktivisera borna på Solstråleøya.
Dagleg vil fire ungdommar – tilsette assistentar – ha ansvar for at borna til ei kvar tid skal ha det bra.

|
| |
| |
Utskriftsvennleg versjon:  |