Opning av sansehage (24.06.2010)
|
Onsdag 16. juni var dagen då Sansehagen ved Fusa bu- og behandlingssenter vart offisielt opna. Snorklippinga vart utført av eldrerådsleiar Johannes N. Lygre. Kring 50 personar var tilstades på den høgtidelege markeringa.
Utanom einingsleiarar, varaordførar, landskapsarkitekten og representantar frå Fusa Lions og Fusa hagelag var festen særleg tillaga for dei rundt 40 ulike laga og organisasjonane, bedrifter og enkeltpersonar i Fusa som har ytt pengegåver, materiale og utstyr som har vore grunnlaget for å byggja sansehagen.
Sansehagen er eit prosjekt som har vore leia av vernepleiar ved demensavdelingane ved FBBS, Anne-Siv Skåthun Berge og kommuneergoterapeut Ragnhild Bjørke.
Saman med Fusa Lions og Fusa hagelag har dei bygd opp ein hage tiltenkt alle bebuarane ved FBBS. Sansehagen er særleg tilrettelagt for personar med demens.
Elementa i hagen er mellom anna hønsehus med 4 høns (leasa via Frode Olsen i Fusa hagelag og Stend jordbruksskule), blomar, frukttre, grue og grill, mjølkerampe, vedstasjon, sitjegrupper og tursti.
Målet er sansestimulerande opplevingar i tilrettelagte omgjevnader. Gjennom frisk luft, opplevingar i fargar, dufter, taktile stimuli, gjennom gjenkjenning og høve til å utføra fysiske aktivitetar eller ein fin stad å vera saman med personalet, pårørande og besøkjande er det overordna målet: Auka livskvalitet.
Fleire ulike forskningsprosjekt viser til at tilrettelagte sansehagar kan føra til auka fysisk aktivitet, mindre forbruk av medisiner, betre søvnkvalitet, auka apetitt, mindre rastløyse og uro.
Ein vonar at hagen vert brukt aktivt, og at den vert ein god stad for brukarane og besøkjande. På kvart pasientrom og i alle omsorgsbustader ved FBBS er det lagt ut informasjon om hagen.
|
| |
| |
Utskriftsvennleg versjon:  |