Fusa kommune ligg sentralt i Hordaland mellom Hardanger og Bergen og mellom Sunnhordland og Nordhordland. Fusa ligg i det frodige og opne fjordlandskapet i Midthordland. Her er det vidare og lysare enn i dei indre stroka av fylket. Det er ei lang kystline på 137 km med mange holmar og skjær, samstundes som ein har fjellheimen i ryggen mot aust med toppar opp til 1299 m.o.h., med Tveitakvitingen i grenseland til Kvamskogen.
I kommunesenteret Eikelandsosen finn ein m.a. dei offentlege kontora, felles ungdomsskule og vidaregåande skule.
Fusa kommune er stor i utstrekning med sine 378 km2, men relativt liten i folketal med vel 3750 innbyggjarar. Fusa-samfunnet har likevel eit vitalt miljø med både aktivt kulturliv og eit driftig næringsliv. I motsetnad til mange andre distriktskommunar opplever Fusa ein viss oppgang i folketalet. Mykje av grunnen til dette er at Fusa ligg i pendlaravstand til Bergen og at Fusa har hatt verksemder som har ekspandert med auka aktivitet i seinare år.
På kultursida er Fusa prega av at ein har mange livskraftige bygder og grender med trygge oppvekstmiljø og mykje organisert aktivitet, særleg for born. Det kommunale kulturarbeidet vart i 1998 heidra med å bli kåra til årets kulturkommune i Hordaland. Det er særleg idretten og skiskytinga som har sett Fusa på verdskartet! Hålandsdal idrettslag har fått fram fleire store talent gjennom åra. Søstrene Ann-Elen Skjelbreid og Liv Grete Skjelbreid Poirée har henta heim OL-medaljar både frå Nagano og Salt Lake City og er kommunens fremste kultur-ambassadørar.
I seinare år har fleire kunstnarar flytta til kommunen og har vorte viktige aktørar i det lokale kulturlivet. Laurdag 21. juni 2003 er ein merkedag for Fusa og kunsten. Då vart Fusa proklamert som eige kongedøme av Fusa-kunstnaren Morten Holmefjord som sjølv vart krona til visekonge av Fusa under ei høgtidsam seremoni på Eide i Hålandsdalen.
Fusa er for mange utafor allfarveg, men eigentleg i hjarta av Hordaland. Eit Noreg i miniatyr og no eit kongedøme i kongeriket! |