Areal: 378 km2 Folketal: omlag 3.750 Kommunesenter: Eikelandsosen
Fusa kommune har stiliserte jettegryter i kommunevåpenet sitt. Stoppar du ved Koldalselva i kommunesenteret Eikelandsosen kan du nyta synet av nokre verkeleg store og flotte jettegryter. Jettegryter er eitt av naturen sine kunstverk. Laga av stein, som is og vatn virvlar rundt og rundt mot fjellgrunnen, heilt til det er danna store holer i berget.
Fusa er ein vidstrekt kommune med 137 km strandlinje. Innanfor kommunegrensene fin ein både idylliske fjordarmar med holmar og svaberg, vekkgøymde dalar med stupbratte fjellsider omkring, frodige gardsbruk og fiskerike vassdrag. Sævareidvassdraget er eit særleg populært fiskeområde, med felles fiskekortordning og båtutleige.
Jordbruk er framleis fulltids- eller deltidsnæring for mange fusingar, medan andre har arbeid innan fiskeoppdrett, treforedling, skipsbygging og service. Den største industriarbeidsplassen er Frank Mohn Fusa A/S.
Minne frå tidlegare tider er talrike i Fusa. Helleristingar finst både på Vinnes og på Samnøy, og det er gjort mange funn frå både stein- og bronsealder. Både på Vinnes og på Samnøy er det laga til "sogestiar" som innbyr til vandring gjennom ei forgangen tid.
På Holdhus i Hålandsdalen og i Engjavik kan du få innblikk i historiske epokar som ligg litt nærare vår eiga tid. Holdhus kyrkje på Holdhus er ei særprega trekyrkje, med historie tilbake til mellomalderen.
Kyrkja og kulturlandskapet omkring fortel oss mykje om liv og levemåte i Hålandsdalen før i tida. Det gjer også Skulemusèet på Holdhus, som ligg like ved kyrkja. Både kyrkja og skulemusèet har ope for publikum i sommarmånadene. I Engjavik ligg den gamle handels- og gjestgjevarstaden Engevik Hamn, og like ved ligg offisersgarden Engevik Gard. Begge er vakre eksempel på byggjeskikk frå 1700- og 1800-talet, og Engevik gard tek imot besøkjande i sommarmånadene.
|