Fusa kommune har arbeidd fram eit felles verdisett: "ROMSLEG"
Gjennom ein prosess i 2003 der alle tilsette har teke del, har vi kome fram til eit verdisett med sju sentrale omgrep: Respekt, Omsorg, Modig, Samarbeid, Løysingsorientert, Engasjert, Godt humør.
Vi har også formulert eit motto for organisasjonen Fusa kommune: "Med omsorg, tillit og respekt finn me løysingar og har da kjekt".
Kvifor? Verdigrunnlaget skal vera den gode hjelparen vår i ein travel kvardag - i møte med brukarar, pårørande, kollegaer og som leiarar. Verdiane er eit fundament som kontinuerleg må omsetjast i praksis. Vi må spørja oss: Kva betyr verdiane for utviklinga av tenestene, i høve til den enkelte brukar, arbeidsmiljø, og tilhøve mellom administrasjon og politikarane?
Er verdiane levande? Her vil vi berre trekkja fram nokre døme: Fusa skule har teke utgangspunkt i verdiane våre og laga ein musikal. Rektor Arvid Varpe er tekstforfattar og ”primus motor” bak musikalen. I musikalen har Fusa skule utdjupa kva som ligg av meiningsinnhald i kvar verdi. Elevane på Fusa har framført musikalen med stort hell i ymse samanhengar!
Det vart arrangert ein felles haustfest for alle tilsette i Fusa kommune i november 2004. Det var stor oppslutnad om arrangementet. Dei tilsette vart utfordra til å medverka med programinnslag. Alle innslaga bygde på - hadde referanse til - verdisettet vårt og det utan noko form for koordinering på førehand.
Verdiane til kommunen er stadig framme i personalmøte og andre samanhengar, slik at vi held dei ”varme” og diskuterer korleis vi skal møta brukarane av kommunale tenester med utgangspunkt i verdiane.
Så langt kan vi konkludera med at ROMSLEG lever!
|