Ferjefri kyststamveg Stavanger - Bergen (07.04.2006)
|
Mange interesserte frå Tysnes og Fusa deltok 27. mars på Fusa næringslivslag sitt møte om ferjefri kyststamveg. Representantar fra Statens vegvesen og næringslivet på Stord, Tysnes, Kvam og Fusa var også med. Til saman var det ca 150 deltakarar på møtet.
Møtedeltakarane fekk høyra stortingsrepresentant Øyvind Halleraker sitt innlegg om kva ferjefri forbindelse betyr for næringsliv og utvikling av lokalsamfunna.
Ordføraren i Fusa, Hans S. Vindenes, la fram resultatet av ein trafikkanalyse for Rv 48 og strekningen Odda Bergen. Rapporten viser dagens trafikktall og i kva grad Folgefonntunnelen påverkar trafikken mellom Odda og Bergen. Han viser og korleis utbygging av Måshovda-tunnelen i Eikelandsosen, Tyssetunnelen og flytting av ferjeleie frå Løvfallstrand til Årsnes, vil påverka reisetid Odda-Bergen. Sjå rapporten: Trafikkanalyse Rv48 .pdf Meir informasjon om møtet finn du på neste side. [Les meir] |
| |
| |
Utskriftsvennleg versjon:  |